Slik vart det KattnakkEvegen

Kattnakkevegen fører bilane til Heio og gåande vidare til masta på Kattnakken. (Arkivfoto: Steinar Hystad)

På kommunen sin offisielle nettstad kunne me før påsken vart ringt inn lesa at Kattnakkvegen var opna for trafikk  etter vinterstenginga. I stordront-redaksjonen kom tvilen sigande ved studie av kunngjeringa. – Hadde me ikkje for nokre år sidan omtalt eit vedtak frå kommunal komite om at rette namnet på traseen frå Lundssetervegen til masta på toppen  skulle ha ein e i seg og bli skriven Kattnakkevegen?

– Jo visst, skal det vera ein ‘e’ i namnet, var svaret frå både sekretæriatet og nyaste kartbase på Rådhuset.

Vedtaket om e’en kom i møtet i Komite for næring, miljø og kultur  22. mai 2015. Innstillinga frå rådmann og namnenemnda gjekk på Kattnakkvegen. Det vart debatt kring skrivemåten då stadnamntenesta for Vestlandet og Kartverket hadde innvendingar. Dei meinte det korrekte var å setja inn i ‘a’, og skriva Kattnakkavegen. Noko lokale politikarar sa beint nei til og valte ein ‘e’ i staden.

I same møtet vart Berrføttevegen fastsett som ny veg på austsida av Huglavikjo og Huglaneset som ny veg til moloen og båthamna ved innseglinga til Nordhuglo ferjekai.