Veggpryd frå Losjehuset, den gong

Endevegen i forsamlingslokalet slik han framstod då Fredheim var heim for gotemplarlosjen (fråhaldslosjen) Kvernbit. (Foto: Privat)

– Las artikkelen om  Fredheim inne på Døso, og vil tru det kan vera av interesse for  andre å sjå korleis endeveggen inne i forsamlingslokale var pynta då  IOGT-foreningen KVERNBIT dreiv der. 

Dette skriv lesaren som har sendt oss  biletet over desse liner.  Stordront.no vonar biletet kan kveika nokon som kjenner  soga til Kvernbit og  losjehuset,  til å senda  oss nærare  informasjon om det som ein gong var i lagshuset og kvifor det vart bygt der det står og gjer si samfunnsnytte den dag i dag. No som Kyrkjestova Fredheim.