Losjehus, bedehus, forsamlingshus og no kyrkjestova

Marit Langaker (t.v.) er i komiteen for Søndagstreffa i Kyrkjestova. Det plar vera godt oppmøte og interessante foredrag og program. Komande søndag (16.) skal våren helsast velkomen med dikt og song. (Foto: Steinar Hystad)

Samlingslokale for godtemplarlosjen skal ha vore første oppgåva  for  huset på Døso, som for den eldre garde stordabuar var best kjent under namnet «Losjehuset». Fredheim er eit anna  brukarnamn for bygget. Der var  bedehus  i byggeperioden for nye Leirvik bedehus  inst i Borggata, og etterpå eigde Den Frie Evangelisk forsamling Ebenezer lokala i mange år. Losjen har for lengst avslutta sitt virke, men huset gjer framleis si samfunnsnyttige oppgåve – no som Kyrkjestova Fredheim  tilknytt Stord kyrkje.    

– Då Ebenezer valte å selja, var me ein flokk som meinte på at dette var eit lokale Stord kyrkjelyd kunne gjera seg nytte av.  Med gunstig lån frå kyrkjeleg fellesråd og vart finansieringa ordna og etter kvart har me fått drift som syt for turvande inntekter til nedbetaling.  Det vere seg  minnestunder, korøving, konfirmasjon, dåp  eller åremålsdagar og diverse samlingar –  som ettermiddagstreff ei søndag i månaden eller  quiss og pizza laurdagskveldar.  Mange yt også direkte  pengestøtte gjennom ei givarteneste som er oppretta, fortel Dag Sele, styreleiar for Kyrkjestova Fredheim.

Han understrekar at tiltaket med  stova er mellombels, medan fellesrådet ventar på å få realistert planar om eige kyrkjelydshus for Stord kyrkje.

Kyrkjestova Fredheim – tidlegare Losjehuset på Døso.(Foto: Steinar Hystad)