– Den som tenner bål, pliktar å sløkkja

Sjå til at alle glør er sløkte før du forlet bålet… (Foto: Steinar Hystad)

Nokre damer å tur i finvèret  fredag, fekk ei  mindre god oppleving då dei kom til nordenden av Landåsvatnet.  På bakken  ved rasteplassborda der, hadde nokon tent bål og truleg gått frå staden i den tru at alle glør var sløkte.  Det var dei ikkje. Eit lite vindrag var alt som skulle til for at elden  fatna i tørr ved.  Det var lauseld då  damene kom til staden og med tiltakande vind og fare for spreiing  fekk dei sløkt og  velta  varmt trevirke på vatnet.

– Korrekt og god inngripen, kommenterer varabrannsjef i Stord,  Frode Lillerud til stordront.no.  Vidare seier han:

– Den som tenner båt, har plikt til å sløkkja og dertil plikt til å undersøkja fare for oppblussing.  Minner elles om at det i tidsrommet 15. april til 15. september er forbode å gjera opp lauseld i skog og utmark.