Nye redningshelikopter treng ny landingsplass

Landingsplassen ved sjukehuset er ikkje stor nok for nye redningshelikopter. (Foto: Steinar Hystad)

Representanten Inga Lothe (H) har meldt  ein spennande interpellasjon til neste møte i Stord kommunestyre.  Lothe innleiar med å skriva at ho er gjort kjend med at dei nye  helikoptera til Redningstenesta ikkje kan landa på heli-landingsplassen ved lokalsjukehuset vårt.  Vidare blir det opplyst at næraste område denne type helikopter kan  landa på ligg i tilknyting til  planlagd prosesjonsveg (frå kyrkja opp mot gravplassar). Ny landingsplass vil krevja opparbeiding.

– Alternativet er  flyplassen (i Sørstokken), men dette er utfordrande i høve til tilgang til medisinsk personell under transport til sjukehuset, skriv  Inga Lothe, og spør:

1. Kva er status for  plenen for prosesjonsveg?

2. Er kommunen kjend med landingstilhøve for Redningstenesta sine helikopter og må tilretteleggja for  ny landingsplass?

3. Er eventuell ny landingsplattform teken omsyn til  i pågåande planar for nye prosesjonsveg?