Enno ei tid før det bli betre veg til Heio

Ikkje avklart kva tid det blir betre veg og betre parkering på Øvra Heio. (Arkivfoto: Steinar Hystad)

Tolmod er eit gode å ha for oss mange som ventar på betre veg opp til, og betre parkering på, på Øvra Heio i stordfjellet.  I  kommunestyremøtet torsdag stilte  Geir Angeltveit (V) tre spørsmål kring stilstanden i saka. Det gjekk slik:

Spørsmål 1: Kva status har prosjektet i kommunen per i dag. Er det konkrete planar for oppstart og framdrift?
Svar: Prosjektet har nyleg fått ny prosjektleiar. Denne har brukt den siste tida på å setja seg inn i prosjektet og kva som har vore gjort til no. Neste trinn er å starte ein reguleringsplanprosess etter krav/avklaring frå planmynde. Deretter vil ein gå vidare med detaljprosjektering og bygging.

Spørsmål 2: Vil kommunen etterleva sin eigen plan for idrett og friluftsliv for 2015-2025?

Svar: Gjennom dette prosjektet skal ein utbetra trafikktilhøva (breiddeutviding, møteplassar og rekkverk) langs Kattnakkevegen. I tillegg planlegg ein å leggja til rette for skiløype/turveg frå Fjellstova og fram til Kattnakkevegen. Dette er i samsvar med kommunen sin plan for idrett og friluftliv for 2015-2025.

Spørsmål 3:  Kan kommunen nytta høvet no når det er maskinar og entreprenør like i nærleiken – ved kraftstasjoen?
Svar:  Nei, dette er korkje lovleg eller mogleg, mellom anna på grunn av Byggesaksforskrifta og Lov om offentlige anskaffing