– Løye me’ snø’dn på øyo vår

Ikkje mykje snø i Hovlandsdalen – men kvitt og skifreistande på Mehammarsåto etter snøfallet tysdag. (Foto: Steinar Hystad)

Litt spesielt for ein stordabu å koma heimatt i kveldinga tysdag, må det vera lov å skriva.  Etter lang dag i bynært område nord i fylket (kring Bergen), med vekslande snødett mellom tjukk og lett og kvitt over alt, var det grunn til å tru på holkaføra  sørover. Men det var det ikkje, ikkje ein snøklatt i vegen, og takk til brøytekarane for det. 

Det rare å merka seg, var korleis snøen flekkvis dekka til Herlege Stordøy.  Omtrent ingen snø  ved landkjenning i Sandvikvåg og  vidare  langs E39 i Fitjar kommune.  Ved passering kommunegrensa ved Mehammar byrja det kvitna i bakkane på begge vegskuldrene i, men ikkje meir enn at dei høgaste grastustene strekte seg gjennom. Heilt kvitt i bakkane vart det ved Jektavik og særleg etter tunnelane.  Lange Agdestein-landet,  framom Bordavik og Grov var det heilkvitt og omtrent påskestemning i lendet.  Jo lenger mot hovudstaden Leirvik ein kom, jo meir barmark var å sjå. 

Det er blitt hevda at  nedbøren på øya, er forma av forma på fjelltoppane våre og at skyene må «sleppa» innhaldet før dei skal over Kattnakken og Mehammarsåto? Ser ut for at teorien er sann.

Ster