– Kva skjer  med Hatland skule?

Slitasjen byrjar merkast for godt på Hatland skule. (Foto: Steinar Hystad)

Eksteriørmessig byrjar det merkast meir enn det som greitt er, at Hatland skule er eit kommunalt objekt utan særleg prioritet.  Malinga flassar av, eine vinduet er knust og erstatta av ei plate, på skifertaket er det også sett inn erstatningar.  Bygget ber på ingen måte preg av å vera i bruk.

– Kvar skjer no med Hatland skule, vart det spurt på årsmøtet i Stord Sogelag sist veke.

– Ja, den som berre hadde vist svaret på det, kommenterte lagsleiar Kjellbjørg Lunde.

Ho  opplyste at sogelaget har teke spørsmålet opp med kommunen ved fleire høve, både i møte og i skriftlege tilvendingar. Eit eige venelag er skipa, av personar som i si tid var elevar på Hatland.  Det har vore drøfta å flytta bygget til  grunnmuren som står att etter flyttinga av skulen frå Langeland (bak kunstgrasbanen).  – Altså har det så langt blitt mykje prat, noko papir – medan det praktisk har skjedd lite.

– Har kommunen planar for gamleskulen?

– Per dato er ikkje Hatland skule eit prosjekt høgt på listene våre. Men noko må  gjerast og i den samanheng  vil me ta  opp att tråden med  venelaget og  sogelaget, seier  Arne Bjelland, dagleg leiar i for dei kommunale tekniske tenester i Stord.