Danseglede i Hauglandstova

Fullt på dansegolvet heile tida. (Foto: Steinar Hystad)

«Stovegubbane» spelar opp til dans i Hauglandstova  tysdag klokka 1700».  Ja, slik lydde den gledelege nyhendemeldinga på  oppslagstavla på Stord Sjukeheim.  Dei inviterte svarte med stort frammøte og «tjåkfullt» på dansegolvet frå første strofar frå orkesteret. Det gjekk i tango, vals og lett sving. Litt Elvis og  litt Jim Reeves og elles taktfaste låtar frå dansen på lokalet i henfarne tider. Om alderen for somme nådde pluss minus 100, sat stega godt framleis. Dansegleda var strålande stor, både hjå pensjonerar, pårørande og tilsette på jobb.  

 

Ja takk, sa Solveig Riise (100) når sonen Sigurd baud opp til dans. (Foto: Steinar Hystad)

– Me veit jo at rørsler til musikk gjer godt for alle, så ei rein dansestund var freistande å prøva.  Det er første gong dette tilbodet blir prøvt, og når det blei så vellukka som dette, må det berre bli meir dans framover,  seier aktivitør Kjersti Muri  til stordront.no. 

Dans for alle i Hauglandstovo til tonar frå Stovegubbane. (Foto: Steinar Hystad)