Så elegant skal også «Ekspressen» gå

Tjelden for full fart gjennom Langenuen. (Foto: Tor Resser)

Frå arkivet sitt har Tor Resser henta fram dette biletet av  HSD sin «Tjelden», for full fart gjennom  Langenuen.  Oddvar Oma på  På Oma slipp stadfestar at  «Tjelden» er «søster» til  «Ekspressen» som står på verkstadområdet og skal restaurerast. Eit arbeid som tok eit godt steg framover då ei tredje «hydrofoilsøster» kom frå Italia for å bli reservedelsleverandør til oppbygginga. Målet er at «Ekspressen» om nokre år skal gli over bølgjene like elegant som «Tjelden».

I jubileumsboka til HSD kan følgjande lesast: 

«Tjelden» vart bygt hjå Westermoen Hydrofoil i Mandal i 1963, levert til svensk reiarlag. Reiarlaget gjekk konkurs og båten vart trekt attened til Westermoen. HSD kjøpte båten i 1968 og fekk namnet «Tjelden». Endra namn til «Tranen» i 1980.  og vart seld til privat i 1982, bygt om til lystbåt, «Exfoil». Etter opplag på Ånuglo vart han seld til Brødrene Anda i Stavanger og hoggen.