Ber om standardiserte offentlege uteareal  

Ber om standardiserte offentlege uteareal (Foto: Steinar Hystad)

Stord kommune har bede om innspel til kommuneplanen sin arealdel, og mellom dei som har meining i spørsmålet  er Råd for menneske med nedsett funksjonsevne. På møtet måndag 6. mars vart denne uttalen vedteken oversendt kommuneadministrasjonen:  

«Det er i rådet si interesse at ny kommuneplan sikrar èit meir standardisert uteareal på offentlege plassar i Stord kommune. Om ein tar Leirvik sentrum som eksempel, er det utfordrande for menneske med nedsett funksjonsevne å ferdas utandørs når det fleire plasser innan kort avstand er forskjell på gangunderlag (herav asfalt, brustein, skifer, betong), ulik høgd på fortauskantar, varmekablar berre enkelte plassar og hyppige elevasjonsskilnader ofte fleire gongar innanfor kort avstand. Alle desse momenta bidrar til utfordringar for dei gruppene rådet representerer. Kommunen bør vidare setta tydelege krav til samme standardisering hos private utbyggarar som har tilknyting til offentlege uteareal.»