Ikkje eigen helsedag for 75 åringar i år, men…

Tove Dypå Lunde og Nils Tore Økland er høvesvis leiar og nestleiar i det kommunal valte Eldrerådet. (Foto: Steinar Hystad)

Eldrerådet i Stord sende for ei stund sidan forslag til ein spesiell presang frå kommunen til stordabuar som  fyller 75 år i år. Rådet såg føre seg ein eigen helsedag for årsklassen, i t.d. Kulturhuset, kor ein kunne få informasjon om tilboda som er, og kva som er lurt å gjer for å halda god helse.

I møtet denne veka fekk eldrerådet svaret frå kommunen:

«Det er eit interessant og godt forslag å arrangere ein årleg helsedag for 75 åringar i Stord kommune. Om kommunen skal følgje opp dette, så må ein truleg velje vekk noko anna. Ut frå dei ressursane me har vert det vanskeleg å prioritere dette i inneverande år. I samband med dei årlege folkehelsadagane, «Folk i sentrum» i juni, er det under planlegging eit arrangement som kan grensa opp til dykkar forslag. Her vert det planlagt mellom anna å sjå på følgjene av framtidig demografiutvikling og korleis me kan utvikle ei berekraftig helse- og omsorgsteneste for å møta denne. Det vert sett på korleis det vert lagt til rette for å kunne bu heime, korleis me arbeidar førebyggjande og rehabiliterande og korleis tenestene vert vidareutvikla. Etterpå vil me prøve å få til stands med høve til å snakka med tilsette frå dei forskjellige tenestetilboda, lag og organisasjonar, utbyggjarar, politiske parti m m. Elles kan me informere at 124 innbyggjarar som er fødd i 1945 og ikkje har heimetenester i dag, får tilbod om førebyggjande heimebesøk av kommunen utover våren».