Vottapar ved Stuvikjo

Fine vottar venta på å bli henta. (Foto: Steinar Hystad)

I serien gløymte og mista vottar, stoppar  stordront.no denne gong  ved ein liten trestubbe nokre hundre meter frå gapahuken i Stuvikjo. Frå stubben lyste eit vottapar i lyseblått.  Sidan dei låg så fint saman, er det  grunn til å tru at noko har funne paret langs turvegen og lagt dei fint frå seg i vona om at eigaren skal finna dei att.