Opnar «ny» gangveg medio april

Mellombels strengt gangstig, varslar skiltet. (Foto: Steinar Hystad)

På denne dag, torsdag 2. mars startar entreprenøren Consto asbestsanering av teoribygget ved Yrkesskulen på Vabakkjen. Arbeidet må gjerast før rivinga av sjølve skulebygget tek til og dermed blir det stengt for gangtrafikk gjennom skuletomta fram til nyeskulen blir teken i bruk. 

Samstundes pågår det arbeid frå Fagne si side med omlegging av høgspent, som går i luftstrekk langs skuletomta i aust, til jordkabel. Fagne oppgraderer både distribusjonsnettkablar og fiberrør som då blir lagt frå trafostasjonen og opp heile gangvegen. Dei fornyar samstundes kabel som går ned til Bandadalen, går det fram i kunngjering frå Stord kommune.

Dette er då også grunnen til at  gangvegen mellom langs trafoen er mellombels stengt.

– Planen er at frå medio april vil ein opne ein oppgradert gangsti mellom Bandadalen og Vikastemmo på austsida av trafostasjon. Med nymontert sykkelsperre som sikring mot fylkesvegen.