Utvidar busstopp for Engevik vest

Maskinar frå K. Volden transport jobbar på begge sider av E39 for tida. (Foto: Steinar Hystad)

I arbeidet med fortauet frå Færøysund og sørover mot Skotet, har anleggmaskinar flytta verksemda si over på «innsida» av Europavegen.

– Er det slik då, mon tru, at ein er starta på utviding mot Engevik?

– Nei det er nok ikkje det, opplyser Vegvesenet sin byggjeleiar for prosjektet, Knut Stian Rimmereid til stordront.no.

– Det var trong for meir stein til fortauet og me fann det praktisk å henta  massar ved å sprenga for utvida og modernisert busstopp for Engevik vest, som det heiter i rutekartet.