Historiske: Første fartsskilta på Huglo

Trafikksikring av fylkesvegen på Huglo. Varslar 50km/t gjennom tunet på Myvold gard.

Sjølv  om breidda på til dels smale fylkesvegar på Huglo ikkje nett inviterer til hurtigkøyring, har 80 km/t har vore gjeldande lovlege  øvre fartsgrense for dei rundt ni kilometrane med offentleg veg på øya. Fram til ganske nyleg. Då kom dei første fartsregulerande skilta på plass. Gjennom tunet på Myrvold gard,  er det no skilta med  50 km/t  som maks fart.  Vegeigar Vestland fylkeskommune har stått for plan og montering.

Skilta er komne opp etter søknad, med tilvising til trafikksikring sidan garden har mykje  gjester som vil sjå dyr og fuglar – og gå på kafe.  Nytt kafebygg skal reisast, med ny pizzaomn og høve til overnatting på «lemen».