Vinterkomdegutdag på Lundarstøl

Flott «Kom deg ut» dag på Lundarstøl søndag (foto Privat)

Byger, utrygt for sludd  varsla vermeldinga på pc-skjermen søndag morgon. Det viste seg å vera  eit realt bomskot.  For med sol og godt føre og snø meir enn nok til underlag for ski og akegreier gjorde at  den vinterlege «Kom deg ut» dagen i regi av Stord Fitjar Turlag vart ein retteleg kosedag for deltakarar og arrangørar. I tillegg til snøleiken var det  aktivitetar  som spikking (med kniv), treklatring, produksjone av fuglemat i smolt, kasting med freesbee og endå meir. Turlaget spanderte som vanleg grillpølser, saft og kaffi. 

– Berre blide fjes å sjå, blir det meldt frå fjellgarden. Ei hjartans takk til turlaget med dei mange frivillige som steller i stand.