Kommunekaien stengt – av kommunen

Skal rehabiliterast neste år – i 2024. (Foto: Steinar Hystad)

– Kondisjonen på konstruksjonen er ikkje tilfredstillande og det rår såleis uvisse om kva kaien toler av trafikk. Dette er grunnane til  me valte å stenga Tongaskjerskaien  for  all bruk av alle køyrety, seier hamnesjef Inge Espenes til stordront.no.  Kaien på Sørhuglo er i kommunen sjølv si eige, og forfallet har utvikla seg over tid. Tilstanden og ønskje om at noko må gjerast er varsla både av bygdalag og næringsdrivande på øya. Politisk er det gjort vedtak om at kaien skal vølast – eller helst byggjast ny.

I rådmannen  si første arbeidslista dette året, er det lagt opp til framdrift for  arbeidet på «Tånjen»,  som det heiter lokalet:

«Gå i forhandlingar med Sunnhordland båthotell og Tongjen båtlag, med sikte på å inngå samarbeidsavtalar. Leigeavtalar skal vera på marknadsvilkår. Leita aktivt etter midlar utanfor Stord Hamn for å finansiera vøling av Tongaskjerskaien. Prosjektet er prioritert i økonomiplanen i 2025. Me kjem tilbake til saka når den er prioritert i budsjettet. Rehabilitering av kaien skal gjennomførast i 2024.»

Åtte millionar kroner, er nemnt som byggjekostnad  for ny og solid, brukarvenleg kommunal kai på Sørhuglo. 

Ei av årsakene til at Tongaskjerskaien er stengd for all køyring… (Foto: Steinar Hystad)