Konstituering mellombels rådmann

Mariann Jacobsen Hilt (Foto: Stord kommune)

Mariann Jacobsen Hilt vert konstituert rådmann frå 16. februar 2023 og inntil vidare.

Rådmann Magnus Mjør er framleis sjukemeldt, og situasjonen er uavklart. Då sjukemeldingsperioden har vart så lenge, legg me no opp til å konstituera Mariann J. Hilt som rådmann inntil vidare.

Saka vart handsama i arbeidsgjevarutvalet i førre veke, og skal opp i kommunestyret torsdag 16. februar. Innstillinga frå arbeidsgjevarutvalet seier at Hilt vert konstituert som rådmann i Stord kommune og får rådmannen sitt ansvar og fullmakter i den tida ho er konstituert.

– Mariann og resten av leiargruppa har gjort ein imponerande jobb sidan Magnus vart sjukemeldt i fjor sommar, og eg er takksam for at Mariann vil fortsetja i rolla som rådmann i tida framover, seier ordførar Gaute Straume Epland.

(Denne saka er i sin heilskap henta frå stord.kommune.no etter avtale)