Fritidsmesse for seniorar

Lars Mugaas vil fortelja om sine mange aktive år i Stord-idretten. (Foto: Steinar Hystad)

Er du godt vaksen og nyfiken på kva for fritidsaktivitetar som finns for deg? Torsdag 9. februar (11.30-13.30) skipar Eining for kultur og arbeidsgruppa for aldersvennleg samfunn til fritidsmesse for seniorar i Kulturhuset, blir det kunngjort på den kommunale nettstaden.

Messa opnar med eit føredrag ved Lars Mugaas, der han vil fortelja om si tid i Stord-idretten. Mugaas har vore aktiv i turngruppa i heile 77 år og har mange historier på lur. Ikkje minst får me høyre kva deltaking i ein frivillig organisasjon betyr for helse og trivsel. 

Ei rekkje lag og organisasjonar vil ha stands i vestibylen, kor dei vil informere om sine mange aktivitetar og tilbod. Bygdekvinnelaget riggar til ein liten kafé, for kjøpt av kaffi med noko attåt..

– Me ynskjer alle seniorar hjarteleg velkomen til ein kjekk føremiddag i Kulturhuset, helsar arrangørane.