Elegant snuoperasjon på Vikafle

Lekteren som blei snudd på Vikafle høyrer til Tronds Marine-Service. (Foto: Steinar Hystad)

Stord Innkvartering AS  riggar for tida til den tredje lange lekteren med 176 brakker på dekket. Dette skjer med Nattrutekaien som landbase. I middgastida tysdag var arbeidet kome halvvegs, ved at 88 brakker var sette om bord. Såleis var det tid for å snu lekteren «med andre kinnet til».  Den jobben vart elegant uført av to samarbeidande slepebåtar.  Ein drog, andre snudde  den mørkeblå farkosten ute på Vikafle –  før lekteren vart  dregen til lands igjen og lagt trygt til kai .  Dette er den tredje  flytande brakkeriggen som går frå Stord Innkvartering  til  Odda, der  operatørar som  jobbar med  utviding av Boliden har bustad i anleggsperioden.   Brakkene som blir heiste om bord frå Nattrutekaien kjem på trailer direkte frå fabrikken  i Moelven.

Snudd – og på veg til kai igjen. (Foto: Steinar Hystad)