Stubbenissane kviler og tørkar

Etter vått opphald i skogen, er det godt blir tørr og varm innandørs. (Foto: Steinar Hystad)

I vår del av verda skulle det vera rimeleg godt kjent at lengre opphald  under «open himmel», ikkje ber med seg garantiar for særleg med opphaldsver. I periodar av advents- og juletida i fjor vart det tidvis veldig vått for dei 41 stubbenissane som ustyrte med kvar sitt lys skapte høgtidsstemning i ein nyhoggen skråning tett ved Trollskogen/Eventyrskogen. Tidvis var det jamn vandring av små og store som fekk med seg synet av den unike  nissesamlinga

– Slik skal det bli igjen når det lid litt ut i november månad, lovar  Åshild Bjelland Kallekleiv

Fram til dess kviler – og ikkje minst – tørkar, dei 41 raudhuva trygt og godt innomhus.