PR’en  vart liggjande att

For berre litt til vers og enda i buskane. (Foto: Steinar Hystad)

Fyrverkeri stod det med store bokstavar på plakaten som viste veg til salsdisken i timane før nyårsskiftet. For om lag ganske snart to veker sidan. Det vart mykje flott å sjå på midnattshimmelen, det dundra, spraka i fargar og knitra.   

Skilnaden på PR’en for salsvara – og sjølve salsvara – er likevel framleis godt synleg. For medan fyrverkeria for til vers og forsvann i det store «intet», vart plakaten ført med vinden og enda opp i eit lite grønområde sentralt i Leirvik bykjerne. Der ligg han enno.