Kom med forslag til ruteendringar

Ønskjer du endra rutetider for ferja, er tida den rette til å gjera det no. (Foto: Steinar Hystad)

Skyss ber kommunane om å koma med innspel til justeringar i rutetilbodet for buss, båt og ferje. Stord kommune sender i desse dagar oppmodinga vidare til innbyggjarane, som slik kan vera med å påverka rutene til beste for seg og andre medborgarar. Føremålet er å fange opp trong for betringar som grunnlag for å gjere naudsynte endringar og tilpasse tilbodet best mogleg innanfor dei samferdslemidlane Skyss rår over.

Stord kommune ber om å få  konkrete innspel om ruteendringar tilsendt skriftleg. Det kan til dømes gjelda  justering av rutetider for betre korrespondansar eller betre tilpassing av tilbodet til lokale aktivitetar eller bestemte målgrupper. Eventuelle endringar vil i hovudsak setjast i verk i samband med haustrutene i 2023, men det kan og i enkelte tilfelle vere aktuelt å gjere justeringar før dette.

Send inn innspel til post@stord.kommune.no innan 29. januar 2023. 

Du kan også senda brev til: Stord kommune, postboks 304, 5417 Stord, går det fram at den kommunale nettsida.