Stordborn er med i planlegginga

Pilotprosjektet om barn og unge si medverknad i kommunale planprosessar er godt i gang, står det å lesa på dei kommunale nettsidene. Der vert det slått fast at medverknad er viktig uansett alder og at det er motteke midlar frå Kulturbanken til eit prosjektet som skal involvere born og unge i kommunale planprosessar.

Nokre barnehagar er allereie involvert og i løpet av denne og neste veke skal nokre skular få sleppa til.

Kommunen har delt ein videosnutt som viser korleis borna i Vilvettene Friluftsbarnehage og Sagvåg maritime FUS barnehage engasjerte seg i framtida på Stord. Klikk på video øvst i saka.