Aktiv til 100 – på ‘an igjen

God tid til kaffi, prat og mat på Aktiv til 100 turane. Her frå gapahuken i Skjephaugen. (Foto: Steinar Hystad)

Aktiv i 100 er eit tilbod for deg som ønskjer å gå på tur i nærmiljøet saman med andre seniorar. I Aktiv i 100 har me fokus på det sosiale og fellesskapet i gruppa, og det er alltid plass til ein til på tur.

Ja, dette er den gode målsetting for Den Norske Turistforening sitt tilbod til alle i klassen «yngre senior og oppover til 100» og vel så det. På Stord har aktive Stord Fitjar turlag gripe skikkeleg fatt i tiltaket og har tre faste (eldre-)turopplegg å by på i tillegg til alle andre fellesturar. 

Vårsesongen startar torsdag 12. januar med tur til gapahuken i Skjephaugen med start frå skogsveginngangen ved Heiane. Så er det 14 dagar til neste tur der. Måndag 16. er det start for Aktiv til 100 frå Vaskeriplanet til gapahuken i Hustrudalen, og så blir det to veker til neste trim der. Torsdag 19., og deretter annakvar torsdag, blir det fellestur med start frå Møllebrua til gapahuken i Stuvikjo.

Felles for desse tre tilboda at  turlaget mønstrar vertar og kaffikokarar – så det ein treng i «sekken» er godt humør, kaffi og nista.