Framleis tid til nisseprat

Klart for nisseprat her. (Foto: Steinar Hystad)

Etter den uoffisielle regelen om at «Trettandedag Knut, jagar jula ut», er fjorårsjula uoffisielt slutt 6. januar. Det er likevel gode grunnar til å tru at det framleis er mogleg å ta ein prat med nissen. Han er å treffa  ikkje så langt frå parkeringsplassen på Vatna, nokre timetrar inne på vegen mot Ådlandsvatnet og Stuva. Der er det med furustubbar rigga til ei flott sitjegruppe, kor Grønenissen i eigen versjon tronar på høgestubben. Alltid klar for ein samtale med vegfarande. 

På vegner av mange gåande, sender stordront.no  takkens ord til den/dei som har forma både nisse,  og sitjeplassar til ålmenn bruk.