Fitjar om nye «lakseskatten»: – Må utgreiast grundigare

Laks og oppdrett er viktige for næringsgrunnlaget i Fitjar kommune. (Foto: Steinar Hystad)

«Fitjar kommunestyre hadde den varsla grunnrenteskatteen for  oppdrettsnæringa til uttale på desembermøtet og vedtok å senda frå seg denne fråsegna:  

Fitjar kommune er vertskap for fleire aktørar innan oppdrettsnæringa. Dei har høg aktivitet og omfattande planar for vidare investering i næringa. Kommunen er kritisk til framlegget som regjeringa har lagt fram for auka skattlegging av næringa. Dette gjeld både prosessen og innhaldet i framlegget. Havbruksnæringa må ha føreseielege rammevilkår og eit skattenivå som sikrar vilje til vidare utvikling og investering i Noreg. Fitjar kommune er medlem i NFKK (Nettverk fjord-og kystkommuner) og sluttar oss til uttalen som dei den 25.11.2022 har sendt til høyringa. I tillegg til det som er teke opp i NFKK i sin høyringsuttale vil me ta med eit par døme på lokale ringverknader av ei offensiv oppdrettsnæring:

  1. Eit større oppdrettsselskap er kommen langt med planane for å etablera eit landbasert oppdrettsanlegg i Fitjar. Investeringa er kostnadsrekna til min. 1 milliard NOK og vil føra til nye arbeidsplassar og stor verdiskaping i kommunen vår. Me har fått klåre signal om at planane er sett på vent grunna uvisse i kva rammevilkåra vil bli framover.
  2. Eit lokalt skipsverft med omlag 120 fast tilsette har dei siste åra basert mykje av aktiviteten sin med å byggja og driva service på spesialfartøy for oppdrettsnæringa. Me fryktar at denne aktiviteten vil avta monaleg dersom investeringsevna i havbruksnæringa vert redusert. Havbruksnæringa bidreg med stor verdiskaping nasjonalt og er viktig for busetjing og livskraftige lokalsamfunn langs Norskekysten. Fitjar kommune meiner difor at eit eventuelt nytt skatteregime for havbruksnæringa må utgreiast grundigare saman med næringa, før det trer i kraft.»

NRK  melde onsdag morgon at 78 kommunar langs kysten i Noreg  er at same meining som Fitjar.