Kva med «fellesfyrverkeri» frå  moloen?

Mykje bra fyrverkeri frå Moloen nyttårsaftan. Med eit fellesløft kan det blir skikkeleg tøft…(Foto: Steinar Hystad)

Jamt har moloen og Onarheimsparken utvikla seg til å bli ein populær samlingsstad når nytt år tek over for året som er brukt opp. Nyttårsaftan i fjor (tida går fort, ja ) var det reine folkevandring til staden som er ein framifrå utskytingsbase for det som skal glitra og knitra og smella som «takk for det gamle og alt godt for det nye» . Der er fritt nedslag til sjø og godt synleg himmelkvelv frå heile Leirvik med omegn. Laurdag var det mykje flott fyrverkeri å sjå. Og ein viktig detalj å  merka seg frå feiringa, er at patruljerande politi såg til at alle reglar vart følgde.

– Så, kva med «fellesfyrverkeri» frå moloen når dette året skal bytast i nytt, ordførar Gaute Epland?

– Først må det vel seiast at det ikkje ligg føre kommunale planar om noko slikt. Dinest vil eg leggja til at eg er positiv til tanken og kjem det eit initiativ vil eg ta spørsmålet til politisk lufting og drøfting.

Nokon som tek utspelet?