Nyttårshelsing frå ordføraren

Ordførar i Stord kommune, Gaute Straume Epland, har skrive følgande nyttårshelsing til stordabuen. Innlegget er henta frå Stord kommune sine eigne heimesider.

2022 var framfor alt prega av Russland sin brutale angrepskrig i Ukraina. Sidan invasjonen 24. februar har me dagleg fått bilete og rapportar frå ukrainarane sin heltemodige motstand og dei ufattelege lidingane krigen fører med seg. Millionar er drivne på flukt. Om lag 35 000 av dei har flykta hit til Noreg. I Stord har me teke vår del av ansvaret i denne situasjonen, og har busett dobbelt så mange flyktningar i 2022 som noko år tidlegare. Og me har klart å ta imot dei på ein god måte, takka vera dyktige tilsette i flyktningtenesta vår, samt frivillige lag og organisasjonar, næringsliv og einskildinnbyggjarar som har stilt opp på ulikt vis. Eg vil nytta høve til å takka dykk alle.

2022 har også – dels som konsekvens av krigen i Ukraina – vore prega av energikrise, galopperande straumprisar, generell prisvekst og renteoppgang. Dette har gjort kvardagen utfordrande for mange, og også her i vår kommune er det fleire som for tida slit med å få endane til å møtast. Det har vore flott å sjå korleis mange bedrifter og innbyggjarar har støtta opp om Frelsesarmeen og andre organisasjonar sitt arbeid for å hjelpa dei som treng det mest. Framover må den fremste politiske oppgåva vera å dempa prisveksten, få fleire i arbeid og etablera gode nok velferdsordningar for dei som står utanfor.

Også for den kommunale verksemda har straumpriskrisen, inflasjon og renteoppgang skapt utfordringar ved å gjera allereie stramme økonomiske rammer endå strammare. Likevel har kommunen også i år levert gode resultat og gode tenester til innbyggjarane våre. Kommunebarometeret syner at me gjer det godt samanlikna med dei fleste andre kommunar, ikkje minst om ein ser resultata i forhold til inntektsgrunnlaget. Det handlar framfor alt om at me har mange dyktige tilsette i alle delar av kommunen med stort engasjement for det dei driv med.

Ulike pristildelingar gjennom året vitnar også om kvalitet og god utvikling i tenestene i dei ulike delane av kommunen. I siste kommunestyremøte før jul hadde eg gleda av å dela ut prisen for innovasjon og nytenking til eining for habilitering for innføring av metoden positiv åtferdsstøtte, som har fått svært gode tilbakemeldingar både frå tilsette, brukarar og pårørande. Tidlegare i år fekk kommunen pris både for beste vasskvalitet og beste VA-prosjekt i Vestland fylke, ei velfortent fjør i hatten for den nyetablerte eining for tekniske tenester og den jobben som kontinuerleg vert gjort for å sikra kvalitet og utvikling av vass- og avlaupssystemet vårt.  

Av andre viktige hendingar i den kommunale verksemda vil eg elles nemna Gropa aktivitetspark, som vart offisielt opna i samband med årets Folk i sentrum-arrangement. Parken har verkeleg blitt eit flott tilskot til sentrum og eit anlegg som born og unge bruker og har glede av. Me har også utarbeida planar for heilskapleg utvikling av byromma og hamna i Leirvik sentrum, som legg grunnlaget for å gjera byen vår endå meir attraktiv i åra som kjem. Kommunestyret har vidare vedteke ein ny plan for rehabilitering, helse og omsorg, som legg opp til styrka satsing på førebyggjande helsearbeid, tilrettelegging for at alle skal kunna bu lengst mogleg heime, og bygging av 64 nye sjukeheimsplassar innan 2026. Og ikkje minst har me vedteke ein nye samfunnsplan som set retninga for kommunen si utvikling dei kommande 12 åra med overordna mål om at me skal vera eit sterkt regionsenter for Sunnhordland, ein føregangskommune i det grøne skiftet og eit inkluderande lokalsamfunn der alle opplever at det er ein del av fellesskapen.

Sist, men ikkje minst, vil eg nemna to store investeringar som skal opnast no på nyåret: For det første nye avlastingsbustader i Sævarhagen, som har vore svært etterlengta i lengre tid. Og, for det andre, nye Nysæter ungdomskule og kultur- og idrettspark, som må seiast å vera det største og flottaste prosjektet me har bygd i Stord kommune nokon gong. Det vil bli eit fantastisk løft til glede for mange generasjonar framover. Tidleg i februar inviterer kommunen og Solid IL til ope bygg – og eg oppmodar alle til å komma og sjå den nye storstova vår.

Straumpris, inflasjon og renteoppgang har skapt utfordringar også for lokalt næringsliv gjennom året. Det overordna biletet er likevel at optimismen i næringslivet vårt er stor. Arbeidsløysa i kommunen og regionen har dette året vore historisk låg, og like før jul signerte dei store industrilokomotiva våre, Aker Solutions Stord og Leirvik AS, store kontraktar som vil gje godt med arbeid i fleire år framover. Dette veit me også vil skapa store positive ringverknader i resten av næringslivet vårt.

Mykje handlar framleis om olje og gass. Samstundes er næringslivet vårt på mange måtar også leiande i den grøne omstillinga. Nemnde verksemder er parallelt med dei store oljeskatteprosjekta på full fart inn i nye marknader som gjev god grunn til å tru på at det vert godt med arbeid her på Stord også etter dei store olje og gassprosjekta etter kvart vert færre. På Heiane, i miljøet kring Maritime CleanTech, testsenteret og Wartsila, skjer det verdsleiande teknologiutvikling innan grøn skipsfart. Eitt høgdepunkt var oppstarten av Wartsila sin test av ammoniakk som drivstoff, som ein også har motteke prisar for nasjonalt og internasjonalt. Opninga av Renevo sin biogassfabrikk, med statsministeren til stades, og Aritech sin storkontrakt med bygging av batterifabrikk i Mo i Rana, vitnar om at me her på Stord også evnar å byggja nye næringar på grunnlag av eksisterande kompetanse.

2022 har også vore frivilligheitas år. Det har vorte markert også her i Stord kommune, mellom anna med fest i kulturhuset og ein flott og mykje sett film som viser fram mangfaldet i det frivillige lagslivet vårt og nokre av dei mange eldsjelene som betyr så enormt mykje for oss. Det er stor stas at ei av desse, Grethe Fadnes, som i år fekk den lokale eldsjelprisen for sin mangeårige innsats i Solid IL, no også er nominert til Årets eldsjel på idrettsgallaen no i januar. Eg vil også nytta høvet til å senda ein gratulasjon til eit anna strålande døme på frivillig engasjement her hjå oss: Anne-Beate Ulveseth Lilletvedt, som fortent vart kåra til ”Årets namn” i lokalavisa vår. Engasjementet hennar for lokalsamfunnet og folk rundt henne kan stå som eit førebilete for oss alle.

Samanfatta har 2022 såleis vore eit år prega av krig og krisar på den internasjonale arenaen som også har påverka og skapt utfordringar for oss her på Stord. På den andre sida er me framfor alt ein kommune og eit lokalsamfunn i god utvikling, og det er all grunn til å vera optimist på vegner av den vidare utviklinga vår dei kommande åra.


Eg vil takka alle dykk som på ulikt vis gjennom året har bidrege til å gjera Stord til den flotte staden han er. Eg er enormt stolt av å få vera ordførar i kommunen vår.

God nyttårsfeiring og alt godt for det nye året!

Beste helsing 
Ordførar Gaute S. Epland