Og dette er berre halvparten…

Om lag halvparten av den store andeflokken i Vikastemmo møtte til stordront.no sin fotoseanse. (Foto: Steinar Hystad)

Dei som i desse dagar passerer Vikastemmo er garantert å bli helsa velkomen av ei uvanleg stor flokk ender.  Sidan det var vanskeleg å samla fuglane til nøyaktig teljing, blir det å tippa at om lag  100 ender  kjem deg i møte om du reinskar i brødskuffa og spanderer «overskotet» på venene i stemmo. 

Ikkje berre  ender, forresten, også ein  måkeflokk har funne ut at det kan reint matmessig kan svara seg å halda eit auga med våtområdet på Vikahaugane.