Skvettfull vass-samling

Litt regn – og det samlar seg godt med vatn i vegbanen. (Foto: Steinar Hystad)

Det spørs om ikkje den fartsreduserande humpen mellom Muren og Leirvik bedehus i indre del av Borggata  burde redusert noko i storleik.  Slik humpen no er utforma, og med ei rist ved fortauet i området som ikkje svel unna – skal det ikkje mykje nedbør til før det blir ei småirriterande skvettfull samling vatn i køyrebanen. 

Nokre veit om dette og tek omsyn, dei som er nye på staden får kjennskap til dammen når brått vass-råket slår inn over fortauet. Og der går det gjerne  både  små og store medmenneske.