Kven har ansvaret for støyveggen?

Han byrja bli fargesliten, støyveggen langs Verftsvegen. (Foto: Steinar Hystad)

Gode krefter var i samspel for å få fram Verftsvegen med fortau og støyvegg slik trafikkanlegget framstår i dag.  Køyrevegen frå Tveita til Eldøyane er eit fylkesprosjekt, medan SKL var med og løyste grunn til fortau der det i grunnen ligg både høgspent- og gassleidning. Sjølve fortauet blir sagt å vera Stord kommune sitt.

Ein del av det heile var å byggja støyskjerm i tre, for å avdempe bilsusen for busetnaden nedfor vegen. Kanskje var det kommunen som ordna med veggen også?

Ting fungerer som dei skal, men støydemparen byrjar sjå nokså sliten ut og treng etter kvart  besøk av vedlikehaldar – og malar.  Frå nabolaget, som har  prøvd å finna svaret – utan å lukkast så langt,  har stordront.no  fått  oppmoding om senda følgjande spørsmål ut på verdsveven:  – Kven har ansvaret  for støyveggen langs Verftsvegen på Stord?

Svaret kan sendast til:  tips@stordront.no