Song jula inn i Salamon Bua

Julesong i gamlebutikken, vertinne Elin Karlsen ståande t.h. (Foto: Steinar Hystad)

For 80-90 år sidan  var den raude bua  i sjøkanten på Nordhuglo kombinert landhandel og bustad.  Etter mange år som lager  og helst stille dagar,  har den nye eigaren  rehabilitert bygget og tilført ny aktivietet.

Elin Karlsen, legg opp til vern ved  bruk; – Som utleige til rorbu, eller som drift med «open dør», kaker og kaffi og som samlingsstad slik landhandelen var i dei eldre tider.   

Ein kveld nyleg vart det invitert til allsong i høve tilstundande julehelg. Det var fullt hus og særs triveleg stemning, med godt baks, varmt å drikka mellom  «Glade jul», «White christmas» og mange andre kjende tonar.

– Me hadde sett ferja  gå over Langenuen nokre gonger, og lurte på kva for ei øya denne Huglo var. Ein dag tok me turen over fjorden, fann ein «drømmetomt», kjøpte og bygde hytte. Har hatt det godt og følt oss hjarteleg velkomne frå første dag. Frå dagen me kjøpte Salamon Bua og gjekk i gang med rehabiliteringa, har det berre vore positive  tilbakemeldingar. Pluss at me har fått  mange ting, møblar og måleri som passar i ei gamal sjøbu, seier Elin Karlsen til strodront.no.

Storstova i andrehøgda med bordplate frå lokale tre på Huglo. (Foto: Steinar Hystad)
Den innhaldsrike Salamon Bua på Nordhuglo. (Foto: Steinar Hystad)