Ja, slik er det å finna rutetider no…

Ikkje råd å lesa ruter i rutekassen på Nordhuglo – men digitalt går det fint. (Foto: Steinar Hystad)

Før i verda – for ikkje så alt for mange år sidan, faktisk – var det nok å ha eit prenta rutehefte i bakhand om ein skulle med kollektiv transport vidare frå til dømes Nordhuglo. Slike blir ikkje lenger prenta.

I monter på veggen til det tekniske huset på kaien kunne også ein finna ruter oppslått. Dei forsvann då det kom kvitt papir over.

Som eit moderne alternativ er det kome eigen plakat som fortel at det er mogleg å finna rette rutetider i fylket på forskjellige andre måtar. Berre ein er digitalt tilgjengeleg og har med mobil eller ipad. 

Og ikkje minst, at dei rette app’ane er henta ned og lagra på «apparatet».

– Ja, slik e da blitt, sa besto.