Akar på sjølvlaga snø

I Selevik har dei kanon som produserer akesnø (Foto: Privat)

Born og vaksne i  Selevik krins har i desse dagar noko mange byrja lengta etter på denne årstida. Nemleg ei stripe med sjølvlaga snø til aking og skiing.

– Ja, Dåfjorden velforning har laga til ake/skianlegg der  ein på dugnad har fått fram straum og vatn til ei snøkanon,  fortel Annar Westerheim.  

Broren Bjørn Westerheim har stilt grunn til rådvelde og har også gjort det meste av grunnarbeidet, pluss rigga til parkeringsplass.

Maskinen vart sett i arbeid då kulden slo til i helga. Etter ei natts produksjon kunne «alpin-anlegget» ta imot glade born frå barnehagen og skulen i bygda. Bakken er opplyst med 10 ledarmatur på 50 w montert på stolpar med linetrekk. Alt på dugnad. – Og så må det nemnast at det er kjøpt inn 20 akematter til felles bruk, seier Annar Westerheim.

Anlegget i Selevik er sponsa av Fitjar Kraftlag, Sparebanken Vest og SIM sitt miljøfond.