Kule  «julakule»

Saueullkuler pyntar treet på Borggarden. (Foto: Steinar Hystad)

– E da vepsabol de har hengt opp?

Det kom nokre merknaden frå forbipasserande då mannskapet frå den kommunale grøne etat pynta det store juletreet  på Rådhusplassen i Borggarden. Positive adle i hop, sjølv frå ho som lurte på om det pynten kunne vera eit  julebol for biene.

– Det er det ikkje. Dei kvite kraftige «kulene» oppover grøne greiner kjem frå sauer som har sine beiteområde på Almås og Isdal, fortel Belinda Almås i etaten til  stordront.no.

– Og sjølve treet, kvar har det vakse opp?

– På kommunal grunn i Knutsaåsen,  25 år i alder.