Spor i stein – unik ny bok for Stord

Bjørn Angell Bergh har skrive boka «Spor i stein – geologien på Stord» (Foto: Steinar Hystad)

«Stord har ikkje alltid vore ei øy i Sunnhordland, med høgfjell og lågland, omgjeve av fjordar, øyar og holmar. Øya har ei lang utviklingshistorie som starta for fleire hundre millionar år tilbake i tid.

Boka Spor i stein er forsøk på å få fram eldre deler av denne historia. Ho tek for seg bergartar, fossil og mineral som finst på Stord, og det dei fortel om det geologiske opphavet til øya. Boka er den første i sitt slag, og er retta mot publikum, ikkje mot fagmiljø».

Dette  er det korte oppsummering stordabu Bjørn Angell Bergh gjev boka han har fått trykt no i haust. Meir i detaljar  kan Angell Bergh opplysa at det er slått fast at Kattnakken er 473 millionar år gamal, den same alderen har berggrunnen på Huglo. Men Kattnakken eller Huglo har ikkje alltid lege der ei ligg i dag. Ein gong kan dei har vore øyar lenger uti havet. Det har vore store endringar.

– Det er mange spor i steingrunnen i kommunen vår, seier Angell Bergh. I boka gjev han grundig informasjon om  bergartar i gruvene på Litlabø, i Dyvik-området, i Sagvåg og på Huglo, for å nemna noko.

Forfattaren er utdanna psykolog, men har i mange år hatt geologi  og steinsamling som hobby. Og har i år gjort alvor av å samla  all informasjonen om  spora i  stordsteingrunnen  mellom to permar.   

Boka kjem på eige forlag. Komande fredag og laurdag blir han å treffa  på julemessa i Kulturhuset.