På matjakt i pålen

Det blei eit lite hol i treverket der hakkespetten jobba hardt med nakke og nebb. (Foto: Steinar Hystad)

Ein blir beint imponert over styrken i nakke og nebb, når ein liten hakkespett går laus på trauste trepålar. 

Det lydde som  kvasse morse-signal då denne utgåva av Hakke Hakkespett jakta føde i ein eldre telefon-(eller el-?) påle mellom bustadane øvst i Skotlio på Leirvik.

– Kan ikkje hugsa eg har sett hakkespett i arbeid  i dette området tidlegare.  Men ein interessant  observasjon har det vore, kommenterte naboen til pålen.