Søndag med julekonsertar

Julekonsertane med lokale krefter plar samla fullsette benker i Stord kyrkje (Foto: Steinar Hystad)

2. søndag i advent har gode tradisjonar for konsertar med lokale aktørar i Stord kyrkje og i gymsalen på Huglo skule. Såleis kan stordront.no melda at det blir to konsertar i kyrkja.

Klokka 17.30 med desse medverkande:  Langeland skulekorps, Lovsongbrørne, koret Ichtus og Stord og Rommetveit skulekorps. Stord Soul Children og Stord Con Spirito har i år måtta melda avbod.

På den andre konserten, klokka  20.00 stiller Stord Musikklag, Leirvik Mannskor, Songlaget Stordabuen, vokalensemblet mMokkat og Stordkoret. 

I austre bydel er det er det samarbeidskorpset Huglo og Onarheim som inviterer til juletonar søndag kl 15 (ferje frå Jektevik  1410). Og som alltid når det er samlingar på Huglo blir det god tid til mat og prat og loddsal med spanande trekking.

8. desember kl. 1800 blir det konsert med aktørar frå Stord Musikkskule i Nysæter kyrkje.