Grautfest for sprekingar i Stuvikjo 

Mat og prat i gapahuken i Stuvikjo då «Aktiv til 100» torsdag avslutta haustvandringane med julegraut. (Foto: Steinar Hystad)

91 årige Fredrik Fladmark  var eldstemann på  «Aktiv til 100-turen» til gapahuken i Stuvikjo torsdag føremiddag.  Dette var  siste fellestrakket  på denne sida av nyårsskiftet og  turlaget baud på graut med alt som høyrer til av «pynt» oppå velkokte risgryn. Pluss bålkaffi og nybakt bolle med gult namme-nam-fyll i midten.  

55 fekk servering  og ein god drøs på denne turen, der det sosiale er vel så viktig som trimmen. Stemningen ved borda var då også  triveleg i   rimeleg ok haustver.

Grovsumering frå turlagsleiar Gerda Øen endar på godt 2000 godt vaksne, på spørsmålet om kor mange som har vore med på  «Aktiv til 100» i kommunen vår i år.  Då inkludert dei som går frå Møllebruo til Stuvikjo annan kvar torsdag, dei som motsett annan kvar torsdag går frå Skjephaugsvatnet til friluftsambassaden i Skjephaugen og dei som annan kvar måndag går frå Vaskeriplanet til gapahuken ved Hustrudalsvatnet .

Torsdag komande er det juleavslutting med graut i Skjephaugen, blir det opplyst.

Fredrik Fladmark fyller 91 om litt og fekk spørsmål om han ville vera «Aktiv til 100»? – Må man gi seg da? var svaret frå den lune humoristen. Her i prat med Kristi Rommetveit og Frank Breistein. (Foto: Steinar Hystad)
«Komiteen» hadde gjort ei framifrå førebuing og stilte med julegraut med alt som høyrer til. F.v. Magne Sakseid, Marit Cruickshanks Gerda Øen, Sofie Junge og Kristi Rommetveit. (Foto: Steinar Hystad)
Lindi Furunes hadde bakt supergode boller til dei «Aktive til 100». (Foto: Steinar Hystad)