
Knut Bartnes, fagsjef for samferdsle i Stord kommune, fekk for nokre dagar sidan brev frå Hordaland fylkeskommune, eigar av Tysevegen og Rommtveitvegen om at skiltet i Hagakrysset og krysset mot Storhaug må fortelja det same.
Per dato viser hagakrysset til Aslaksvikjo næringsområde, medan skiltet ved Hystadvegen viser til Leirvik AS. Kva vil kommunen velja, jo; dette svarar Bartnes:
– Ut frå at det framleis er ein moglegheit for at det kjem anna eller meir industri i området vil namnet Aslaksvikjo verte brukt.
