
Stordront sin uteruslande rapporterar vart rørande nostalgisk då han ein kveld litt tidlegare i haust kunne plukka tre «hattlenete» på eit hasseltre på Ritlandeigedomen. Denne tomta låg i grenseland til nettopp Hatlehaugen på tidleg 60-tal. Det var gjengs den gongen for vikagutane å plukka seg eit lommefyll ferske hatlenøtte i haugen på halvmørke haustkveldar. Området er forlengst blitt til veg til Bandadalen/Holo og Kringsjå – og snart blir resten av området omgjort til kollektivterminal. Det kan med desse bakgrunnar vera greitt å minnast kva som var – med kapittelet «Rødbetar midt på Vikjo», frå boka «VIKJO – mimring om Leirvik 1960-talet»:
År 2003 ( og 2016) står Bandadalskvartalet fram i bustadutbygt og parkmessig drakt. I den samanhengen strøymer minna på i same tempo og mengde som endene, når ein tek turen til Vikastemmo med resten av kneipen. Langt framme i hugseboka står paktar Ivar Idsøe og dreng Tobias på Leirviksgarden og kalde kvitkledde dagar når fjordringen drog tømmer og ved frå skogen øvst i Bandadalen (Kringsjå og Studalen) med dei to karane ved taumane. Var me heldig, fekk me ein sledetur.
Sommarstid samarbeidde same mannskap om slåtten på Bandadalsplasset og me nabogutar vart inviterte til å ta høyet av hesjene og sidan til å trø det slik at dei fekk godt lass på vogna. Som takk for hjelpa fekk me sitja høgt på vinterforet når følgjet med Blakken i framskoten posisjon trilla framom Stord Meieri, på brua over Vikabekken og inn på låven. Den stod omtrent der Kid har tilhald i Amfisenteret. Våningshuset stod i området Eurosko – Sele Optik. Cubus har overteke plassen etter stabburet og det forvålande store kastanjetreet i gardstunet som me laga tullepiper av. Ikkje treet sjølvsagt, men av nøttene me fann under det «piggitte» skalet.
I Vikabekken som vart lagt i røyr under Kulturhuset var det pop å fanga aure, og på Tresmyro mellom bekken og Vikabrekko der Kulturhuset tronar no, var det rikt høve for vikaongane til å gå ut i praksis dei dagane om hausten med hadde potetferie. Ferie frå poteta var det altså ikkje.
Vikabekken var lenge open like ned til ein plass mellom Diversenbygget og Meieriet (Osen) Derifrå gjekk vatnet i røyr under gater og refugar framom Trio ( og Fem Høns) og ned til utløpet ved Hauglandskaien (Sunnhordlandskaien). Ein aldri så liten manndomsprøve for dei tøffaste på Vikjo var å gå inni røyrane frå utløp til innløp.
Røyrane var svære og var ein liten nok kunne ein gå i mest oppreist stilling. Tiltaket vart sett på som bort imot farleg og vart vel aldri direkte omtalt ved middagsbordet heime. Difor kan det vera like greitt at lesarane også held desse opplysningane for deg sjølv…
Paktaren på Leirviksgarden dreiv vekselbruk på Bandadalsplasset. Heilt øvst i kanten, rett nedfor hønsahuset til dei som budde i gamla apoteket, vaks nokre små gule plommer. I andre enden, der nyetraseen møter vegen frå Lønningsåsen, låg Hatlehaugen med rike forekomstar av nøttetre. Ein så kjekk skog å herma etter apekattane i at me i pur glede kalla området for klatrehaugen.
Omtrent samstundes som me tildelte oss smaksprøvar frå hatlebuskane, slumpa det til at me tok ekstra-jobb som rødbetplukkarar i åkeren til Idsø’en. Dei raude grønsakene vart lagt i kassar og frakta til gards med ein kjapp to-hjuls traktor som overtok då den eine levande hestekrafta vart skifta ut med mekaniske hestekrefter. Seinare på hausten var det gjerne sauesjå på plassen. Arrangementet samla kolossalt med fe og folk som alle tyktes vera like krye for sløyfer i ulike fargar som vart festa på dei brækande ulldottane.
Når Bandadalsplasset hadde gjort sitt som operativt felt for markens grøde og beitande bufe, gleid bøen over i pensjonisttilvære største delen av året. Liv i leiro rett under grastustene blei det kvart år når Basso’en kom med tivoliet sitt frå Haugesund.
Han hadde med «bodårr korr en barra konne kjøpa låddår», automatar for spel med skikkelege femøringar og pilkast der med vann Riegel-sjokolade om me traff rette streken, eller ein Fox om me traff den litt tjukkare streken attmed. Og karusellen, det absolutt grommaste av alt. Innretningen var raud og gjekk rundt og rundt og rundt nett passeleg fort, men mange spydde etter ein tur , likevel
Like sikkert som Basso’en kom, kom regnet. Etter eit par våte tivolidagar viste Leirvik kvifor Leirvik heiter Leirvik. Frå blaut bakke taut det opp grått leirvatn og Basso måtte leggja ut flakar til å gå på for å halda lukkehjula i gang.
Bandadalsplasset viste seg i seinare år også høvande som stemnestad når Indremisjonen, Filadelfia, Ebenezer, Maran Ata og andre misjonærande sette opp store telt og bad til møte.
I framtida blir plasset sentrumspark på Vikjo og då ynskjer me god benkplass, slik at me kan ha ein stad å sitja og skøna om det som ein gong var – der me er.
