Aslaksvikjo – eller Leirvik AS?

Viser korrekt vegen til Aslaksvikjo  næringsområde. (Foto: Steinar Hystad)

I krysset i Haga, der Tysevegen munnar ut i Rommetveitvegen står skilt som viser  til Aslaksvikjo  industriområde, om ein svingar til høgre.  Når ein så kjem til krysset mot nettopp  Aslaksvikjo (og Hystadmarkjo) står det  Leirvik AS på tilvisingsskiltet. 

I skriv frå vegeigar Vestland fylkeskommune står å  lesa:

«Namnebruken er dermed ulik langs strekninga, noko som bryt med kravet om kontinuitet i vegvisinga. Me ber Stord kommune gjera greie for kva namn kommunen ønskjer at me skal bruka på næringsområdet – og ber om svar innan 18. desember 2026»

Viser  korrekt til Leirvik AS – men namnet bryt kravet om kontinuitet i vegvisinga langs fv 5044/5050. (Foto: Steinar Hystad)