Hissig vassdans ved Rydlandssaga

Etter nye døger med nedbør i superklassen, baud elva som syt for rundgang for blada i Rydlandssaga opp til vassdans av hissigast slaget, noko som sikkert kunne merkast lang ut i Dåfjorden. Riksveg 545 var i
føremiddagstimane søndag, eit 21 kilometer langt elvarfar frå krysset på Rydland til Leirvik. Den som styrde tempen denne helgedagen, var ikkje like raus som vassleverandøren, knappe fire grader varme i lufta – slik at det heile renn inn i verminneboka som ein sur haustdag. Men i dagane framover blir det til og med truga med sol…