
23. november 2022 slapp stordront.no første sak. Den omstreifande og pensjonerte bladfyk, Steinar, registrerte då at det var «Lite boss i strandbelte». Ganske nøyaktig to og eit halvt år seinare har det blitt til saman 2.054 små og litt mindre saker om det som rører seg – og om det som ikkje rører seg – «Stord ront». Alle som ein har vore om ting «heilt ne’åt».
I løpet av denne veka kjem siste sak til å bli publisert. på denne plattforma.
Det er rart med det. Livet byr stadig på nye utfordringar – og det viser seg at ingen av oss vert noko særleg yngre med åra heller. Så då må det bli slik.
Me vil nytte høvet til å takka trufaste lesarar og gode tipsarar for hjelpa og for følgjet. Me har kost oss!
Beste helsing
Steinar & John Erik