Er me blitt flinkare? Lite boss i strandbeltet

Lite boss i strandbeltet
Eit tjukt tarebelte har lagt seg i stranda, men gledeleg lite plast og anna søppel å sjå. (Foto: Steinar Hystad)

Nokre få år attende var det svinte gjort å fylla  ein sekk og fem  med søppel som hadde reke i land  langs stranda kring Leiro på Huglo. Det er ikkje slik denne hausten.

– Ein kvit fender og ein bøye av eldre årgang, pluss ein tom boks for sommarøl, det var «fangsten» etter ein tur i flomålet, tipsar ein kjennar av området. 

Han vonar og trur at dette er eit resultat av  fokuset som har vore retta mot ureining av vår nære lyst.  

– Rett og slett gledeleg, fastslår huglaren.