![](https://usercontent.one/wp/www.stordront.no/wp-content/uploads/2024/06/cirkus-homosapiens-1024x619.jpg)
Det blei valfarting til Heiane sør dei fire siste dagane sist veke, der Spinae Company/Spinae Sunnhordland opna teltdørene til Cirkus Homosapiens. Dei blei utseld (300 billetar) til alle åtte forstillingar. Og her kan me godt leggja til: – At det skulle nesten berre mangla, for dette vart alle tiders framsyningar med herleg blanding av godt skodespeleri, dansing i særklasse og ny musikk. Kreert av Magdalena From Delis og Ian Kolstad, og framført av ikkje mindre enn 300 spinae-medlemer i eit langt aldersspenn.
Takk skal de ha alle saman.