Marit og Andreas Hjartåker tok imot eit bortimot hundretals gjester i det vakre tunet på Langeland tysdag kveld. Då inviterte Stord Sogelag til andre historiske rusleturen no i mai.
Her fekk ein mellom anna sjå kvar det første skulehuset på Stord stod (1863), som framleis står på Hatland. I det ruvande våningshuset på garden finn me ei ombygd røykstove og eit klenodium av ein «innedo» skjult i ein kommode.
Dei titals bygga på tunet er svært velhaldne og tidlegare eigarar har sett djupe spor etter seg. Slik står det på Langeland per i dag flotte kulturminne.