Her har du heile «Herlege Stordøy»

«Fager og fin millom fjordane blå, stig du or havet – bjart som ei solmøy» (Foto: Steinar Hystad)

To, tre eller kanskje fire, men sjeldan alle ni. Dette er det vanleg når det blir allsong av Herlege Stordøy – vår eigen «nasjonalsong».  Difor kan det vera greitt med ein repetisjon av presentasjonen av  Herlege Stordøy slik songen kom på trykk i Ola Høyland si Stord bygdebok anno 1972. Orda kjem frå  Olav . O Holdhus, tonen frå  Karl Kalsaas – datert  november  1912.

Herlege Stordøy

Herlege Stordøy, herlege Stordøy!
Fager og fin millom fjordane blå
stig du or havet – bjart som ei solmøy,
toppar og tinder mot skyene nå
Skogen han susar songen so lint:
«Å, her er utifrå fagert og fint.»

Herlege Stordøy, segnrike strender
minne frå Haakon den Gode si tid,
inn i vår soga hev dine grender
skrive sitt namn i ein ærefull strid.
Ransmann laut røma, Skrøya du batt,
fridom du elska og fri stod du att.

Fjorden han kviler utanfor strandi
smilande blåblank i soldis so rein
Båtar og skip finn veg langs landi,
kjem og fer framum ein etter ein.
Ferdamenn stirer, undrast og ser:
«Å, nei kor dårande fagert her er.»

Stormen han jagar vilt yver leidi,
sjøen han fossar i brot og i brand
skodda driv tung og kald yver heidi,
inkje du skil millom havet og land
Likefull er leiken når havet det lær
Storfelt er livet når slik du det ser

Bygdi seg breider ven ifrå  sjøen,
speglar seg i det djupaste blå.
Gardane logne ligg upp på bøen
sjølv så kan dei i djupni seg sjå
Kjærlege heimar – ljos yver liv,
Soli ho lyser og skuggane driv

Skogen seg ringar grøn attom bygdi
Liver og prydar um dal og um vang
Fjelli dei peikar upp imot høgdi
Syner oss leidi for heile vår gang
Veksande voner, sprettande knupp
Skogsus ber tonen frå toppane upp

Sjeldan ein vår med venare blomar
sjeldan slik liv over leiken det låg
Sjeldan so mjuke bivrande tonar
Vogga og skolv gjennom alt som eg såg
Fuglane kvitra kåte sin song
«Vår, gjev eg enno fekk sjå deg ein gong»

Lèterne skifte, bladi dei blenkte,
Fuglane tirla so lette sin song
Granane staute stod der og tenkte,
Tagde, men tala so mangen ein gong.
Heilstøypt i hugen stormane ber,
sjå burt på grana – og av henne lær.

Alt dette gilde, samlar seg saman
knyter ein krans krigom Stordnamnet ditt.
Herlege Stordøy, – her var det gaman
deg vil eg gøyma i namnet mitt.
Høgsætet skal du ha ei min tanke,
Der du stig veg millom fjordane blanke.